I morgon, onsdag 16.mai, er barnehagen og 5., 6. og 7.klasse inviterte på teater og utstilling. 1. -4.klasse har arbeidd med Thorbjørn Egner på fagdagane og i morgon er dei klar til å vise fram arbeidet sitt. Spennande!
I dag gjekk det ungar med refleksvestar i flokk og følgje over heile Skjolden for å plukke opp bos. Det vart nokre sekkar også i år, og me er forundra og litt arge på alle som forsøplar nærmiljøet vårt.
Den 27.april hadde Heidi sin siste arbeidsdag på skulen før ho gjekk ut i svangerskapspermisjon. Ho hadde med kjempegode coockies og i tillegg hadde me også noko ekstra å by på denne fredagen.
Torsdag og fredag var det to nye omgangar med yatzy. Etter mange spennande minutt, er det no berre fem elevar att! Tysdag kl.08.45 blir det semifinale!